Fortalde korleis Odin berga yrkeslinje

February 11, 2020

MMC First Process-sjefen viste i praksis korleis kort veg frå golvet til sjefskontoret sikra bedrifta kunnskap og fagfolk i framtida.

Fleire hugsar sikkert korleis MMC First Process og fleire kuldebedrifter saman ville sikre framtida til kulde- og varmeteknologilinja ved Haram vidaregåande skule, som stod i fare for å bli lagt ned.

I sitt innlegg under Haramskonferansen fortalde administrerande direktør Petter Leon Fauske i MMC First Process korleis det heile gjekk til.

– Det var Odin, ein av lærlingane våre, som fortalde at han var bekymringa for at utdanninga han gjekk på kunne bli lagt ned, sa Fauske.

Linja blir vidareført
I løpet av få timar hadde bedrifta teke kontakt med konkurrentar som ville vere med å støtte, og NRK og NETT NO som ville omtale saka.

– Fire timar etterpå var vi på riksdekkande media med historia, sa Fauske.

Den førebelse enden på historie, er at linja blir vidareført ved Borgund vidaregåande skule i Ålesund til hausten. Ein er framleis avhengig av nok søkarar, men bedriftene kryssar fingrane for at dei også i framtida skal få rekruttere tilsette frå denne utdanninga.

– Alt dette på grunn av ein oppvakt lærling som tok ansvar for eigen situasjon og utdanninga han gjekk på, påpeika Fauske

Saken publisert på Nett.no 11.02.20

www.nett.no