---
title: Milliardavtale som vil vekse
description: Sølvtrans og MMC First Process har lært av offshoresuksessen i den maritime klynga. Analyse i Nett.no 13.06.21. Her et kort utdrag
---

<https://www.mmcfirstprocess.com/no/news>

# [Milliardavtale som vil vekse](https://www.mmcfirstprocess.com/no/news/milliardavtale-som-vil-vekse)

 Skrevet av [Norsk Redaktør](https://www.mmcfirstprocess.com/no/news/author/norsk-redaktør) | Jun 18, 2021 11:15:00 AM

Sølvtrans og MMC First Process har lært av offshoresuksessen i den maritime klynga. Analyse i Nett.no 13.06.21. Her et kort utdrag:

Partnarskapen betyr ein milliard i omsetning for MMC First Process dei neste åra og levering av utstyr til heile 19 Sølvtrans-båtar. For regionen er den verdt langt meir.

Avtalen er også eit klassisk eksempel på noko maritime bedrifter i regionen har god tradisjon for: Samarbeid.

– Det maritime clüsteret har vore heilt avgjerande for utviklinga av regionen. Vi er også viktige for regionen, og er verdsleiande på kvar våre område. Det vi er i ferd med å gjere no, er å bygge i ny havbruksklynge, sa han og sette signaturen på arket

Sølvtrans-reiaren har vore ei båtlengd føre dei fleste i bransjen sidan han for meir enn 20 år sidan starta å frakte laksen i lukka system. Ved å binde seg til MMC First Process som utstyrsleverandør, går dei steget lengre. Til gjengjeld får Sølvtrans mellom anna tryggleik.

**Dei to partnarane har også andre motiv med å gå inn i eit slikt samarbeid.**

Lokal verdiskaping har lenge vore eit mantra for Sølvtrans-reiaren. MMC First Process-sjefen understrekar at dei med partnarbedrifter sysselsett opptil 400 personar – dei fleste på Sunnmøre.

19 skip med ein prislapp på kring 450 millionar kroner kvar, betyr at nybyggingsprogrammet til Sølvtrans truleg utgjer ordrar for 8,5 milliardar. Etter at skrogbygginga i utlandet er trekt frå, utgjer det framleis meir enn seks milliardar i omsetning for norske bedrifter – i hovudsak på Nordvestlandet.

**Bransjen sjølv har klokkartru på at nybyggingstakta vil halde fram og auke**

Samtidig er den internasjonale marknaden i vekst. Den norske flåten er i ferd med å gå frå å betene innlandsmarknaden, til å vekse globalt. - Med andre ord bør det vere gode grunnar til at både reiarlag, leverandørane deira og verfta som byggjer båtane, vil ha meir enn nok å gjere i mange år framover

 Saken publisert 13.06.21 les hele saken her [https://nett.no/nyheter/milliardavtale-som-vil-vekse](https://nett.no/nyheter/milliardavtale-som-vil-vekse)

 

 

 

[Vis hele posten](https://www.mmcfirstprocess.com/no/news/milliardavtale-som-vil-vekse)

```json
{
  "@context" : "http://schema.org",
  "@type" : "BlogPosting",
  "author" : {
    "@type" : "Person",
    "name" : "Norsk Redaktør"
  },
  "dateModified" : "2025-10-05T13:51:38.105Z",
  "datePublished" : "2021-06-18T11:15:00Z",
  "headline" : "Milliardavtale som vil vekse",
  "image" : {
    "@type" : "ImageObject",
    "height" : 563,
    "url" : "https://145893847.fs1.hubspotusercontent-eu1.net/hubfs/145893847/Milliardavtale%20som%20vil%20vekse%20.jpg",
    "width" : 1000
  },
  "mainEntityOfPage" : "https://www.mmcfirstprocess.com/no/news/milliardavtale-som-vil-vekse",
  "publisher" : {
    "@type" : "Organization",
    "logo" : {
      "@type" : "ImageObject",
      "height" : 60,
      "url" : "/hs/hsstatic/content_shared_assets/static-1.4092/img/default-amp-logo.png",
      "width" : 60
    },
    "name" : "News"
  }
}
```