MMC First Process hankar inn viktig kontrakt på Myklebust Verft.

July 05, 2019

Kontrakten er den første store etter at MMC First Process (MMCFP) vart seld frå Havyard Group til ei gruppe av lokale investorar med Credo Partners, gründer Leif Gjelseth og Petter Leon Fauske i spissen. Kjøpssummen var på 310 millionar kroner, der 225 millionar kroner tilfall Havyard Group. No skal MMC First Process levere ein komplett pakke for fiskehandtering og vassbehandling til nybygget Sølvtrans har kontrahert på Myklebust Verft. I ei pressemelding vert det opplyst at heile leveransen er sydd saman i eit integrert automasjonssystem i brønnbåten som har ein lastekapasitet på 4.000 kubikkmeter. Ringvirkningar Det blir opplyst at det er lagt vekt på gode løysingar for fiskevelferd, vassbehandling, hygiene, samt høg kapasitet for alle funksjonar i båten som kan frakte alt frå smolt til slaktefisk. Kontraheringa gjort av Sølvtrans gir store ringvirkningar i lokalmiljøet rundt den maritime klynga på Sunnmøre. - Det er viktig å behalde kundar og videreføre erfaringar og det gode samarbeidet vi hadde sist med Sølvtrans og MMCFP, seier Inge Jonny Hide, verftsleiar hos Myklebust Verft, i pressemeldinga (saken publisert av Nett.no 05.07.2019)

REGISTER TO RECEIVE NEWS AND UPDATES

Sign up to our newsletter