MMC First Process med julegave til både ansatte og lokalt næringsliv

November 12, 2020

Maria Sporstøl Leine og Vivian Håkonsholm i den lokale handelsforeininga i Fosnavåg jublar til MMC First Process sitt initiativ.

– Ettersom vi er eit lokalt selskap, og ønsker å bidra til det lokale næringslivet, har vi bestemt at alle våre 93 tilsette som jobbar på Mjølstadneset får eit Fosnavåg-gåvekort i år. Vi er då sikre på at pengane vert lagt igjen lokalt, og at dei kjem det lokale næringslivet til gode, seier Håvard Remøy COO og CFO.

Gåvekorta som dei tilsette får har ein verdi på 1500 kroner, noko som i praksis svarar til ei direkte gåve til den lokale handelsstanden på heile 139.500 kroner.

Dei tilsette er nøgde

Remøy er lei for at dei ikkje får gjennomført årets julebord, og uttrykker viktigheita av å vise takksemd overfor dei tilsette. Han ser det derfor som naturleg at medarbeidarane får ein kompensasjon for avlysinga.

– Tilbakemeldingane frå dei tilsette har vore veldig positive, både på sjølve gåvekortet og det faktum at det støtter det lokale næringslivet, seier Remøy, som håper også andre i næringslivet kan finne inspirasjon i gesten.

Handelsstanden er overvelda

Maria Sporstøl Leine og Vivian Håkonsholm i den lokale handelsforeininga jublar til MMC First Process sitt initiativ då vi kontaktar dei for ein kommentar.

– Vi er fullstendig overvelda. Dette er heilt fantastisk, jublar dei to.

Artikkelen publisert i vestlandsnytt 11.11.20

Les hele artikkelen i Vestlandsnytt.

https://www.vestlandsnytt.no/nyhende/2020/11/11/Erstatninga-bedriftsleiinga-gir-til-sine-tilsette-vekkjer-jubel-i-Fosnavåg-22980900.ece


REGISTER TO RECEIVE NEWS AND UPDATES

Sign up to our newsletter