1 min read

Veksten sprenger lokala på Mjølstadneset

Veksten sprenger lokala på Mjølstadneset

MMC First Process bygger plass til fleire titals nye kontorplassar.

Veksten til MMC First Process gjer at dei treng meir plass ved avdelinga på Mjølstadneset i Herøy.

I desse dagar er dei i full gong med å gjere ferdig eit nytt bygg som skal romme 36 nye kontorplassar og nytt stort lager i kjellaren. Utvidinga er på 950 kvadratmeter og totalt vil bedrifta ha kring 5000 kvadratmeter til disposisjon på staden.

Flyttar snart inn

Tidlegare hadde naboane i Ervik & Sævik og Norwegian Greentech kontorplassar i lokala på industriområdet, men dei er no ute.
– Bygginga har gått radig sidan i fjor sommar og planen er å flytte inn i mars/april. Bygget er no tett og vi jobbar med å sparkle og male. Lageret tek vi i bruk i løpet av månaden, fortel operasjonsdirektør Håvard Remøy i MMC First Process til NETT NO.
Samtidig med nybygginga, får kantina ei totaloppussing, og vil no ha plass til 110 personar.

MMC First Process har avdelingar både på Mjølstadneset, Dignernes i Ålesund og i Haugesund.

Bedrifta har vore mellom dei raskast veksande selskapa i regionen, både når det kjem til omsetning og talet på tilsette. Med 119 personar i arbeid er no avdelinga i Herøy ein av kommunens største arbeidsplassar.

– Vi har vakse voldsomt fort, spesielt innan brønnbåtar og landbasert oppdrett. Vi ser også at det blir vidare vekst framover, og jobbar med fleire store prosjekt, fortel Remøy.

Foto; kjetil haanes. saken publisert på nett.no 

https://nett.no/nyheter/veksten-sprenger-lokala-p%C3%A5-mj%C3%B8lstadneset

 

 

Kontrakt på leveranse til pelagisk tråler

Kontrakt på leveranse til pelagisk tråler

MMC First Process skal levere utstyr til det skotske fiskebåtrederiet Sunbeam Fishing Limited. Tråleren skal bygges hos Myklebust Verft A/S og skal...

Read More
Leverer fullautomatisert pelagisk fabrikk til Irsk kunde

Leverer fullautomatisert pelagisk fabrikk til Irsk kunde

"The Team at MMC First Process have a high level of understanding of the seafood industry and could take us through the design of our new plant...

Read More
MMC First Process tildelt prisen «Årets bedrift 2022»

MMC First Process tildelt prisen «Årets bedrift 2022»

- Vi er utroleg stolte og audmjuke for å få tildelt prisen når vi veit kor mange dyktige, innovative, store selskap som er i regionen vår sier Merete...

Read More