Milliardavtale som vil vekse

June 18, 2021

Sølvtrans og MMC First Process har lært av offshoresuksessen i den maritime klynga. Analyse i Nett.no 13.06.21. Her et kort utdrag:

Partnarskapen betyr ein milliard i omsetning for MMC First Process dei neste åra og levering av utstyr til heile 19 Sølvtrans-båtar. For regionen er den verdt langt meir.

Avtalen er også eit klassisk eksempel på noko maritime bedrifter i regionen har god tradisjon for: Samarbeid.

– Det maritime clüsteret har vore heilt avgjerande for utviklinga av regionen. Vi er også viktige for regionen, og er verdsleiande på kvar våre område. Det vi er i ferd med å gjere no, er å bygge i ny havbruksklynge, sa han og sette signaturen på arket

Sølvtrans-reiaren har vore ei båtlengd føre dei fleste i bransjen sidan han for meir enn 20 år sidan starta å frakte laksen i lukka system. Ved å binde seg til MMC First Process som utstyrsleverandør, går dei steget lengre. Til gjengjeld får Sølvtrans mellom anna tryggleik.

Dei to partnarane har også andre motiv med å gå inn i eit slikt samarbeid.

Lokal verdiskaping har lenge vore eit mantra for Sølvtrans-reiaren. MMC First Process-sjefen understrekar at dei med partnarbedrifter sysselsett opptil 400 personar – dei fleste på Sunnmøre.

19 skip med ein prislapp på kring 450 millionar kroner kvar, betyr at nybyggingsprogrammet til Sølvtrans truleg utgjer ordrar for 8,5 milliardar. Etter at skrogbygginga i utlandet er trekt frå, utgjer det framleis meir enn seks milliardar i omsetning for norske bedrifter – i hovudsak på Nordvestlandet.

Bransjen sjølv har klokkartru på at nybyggingstakta vil halde fram og auke

Samtidig er den internasjonale marknaden i vekst. Den norske flåten er i ferd med å gå frå å betene innlandsmarknaden, til å vekse globalt. - Med andre ord bør det vere gode grunnar til at både reiarlag, leverandørane deira og verfta som byggjer båtane, vil ha meir enn nok å gjere i mange år framover

  Saken publisert 13.06.21 les hele saken her https://nett.no/nyheter/milliardavtale-som-vil-vekse