Fiskeriministeren støtter kampen for yrkesfaga

November 15, 2019

- Vi bør ta av oss hatten for slike initiativ, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik til utspelet frå sju bedrifter om å støtte vidaregåande skule økonomisk.

Fleire bedrifter, skuleelevar og fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik møttast fredag i lokala til MMC First Process på Digernesskiftet til felles sak for yrkesutdanninga på vidaregåande.

Fleire yrkeslinjer står i fare for å bli utsett for store kutt for at fylkeskommunen skal få økonomien til å gå opp.

MMC First Process har sagt seg villige til å gi pengestøtte til linja for kulde- og varmepumpeteknologi ved Haram vidaregåande skule, og oppmoda andre bedrifter om å gjere det same.

– Her ser vi eit næringsliv som seier at dette er så viktig at dei vil vere med å bidra økonomisk for å få det til. Det bør vi ta av oss hatten for, seier Nesvik til NETT NO.

Samla kuldebedrifter
Linja er avgjerande for rekrutteringa til bedrifta - og fleire av konkurrentane.

– I dag har vi samla ei brei kuldenæring – som ønskjer å stille seg bak tilbodet om hjelp, seier administrerande direktør Petter Leon Fauske MMC First Process til NETT NO.

Seks andre bedrifter har stilt seg bak initiativet om å bidra med støtte. Desse er: Øyangen, Teknotherm Marine, Johnson Control, Multi Kulde Vest-Ålesund, Frionordica og Tempra. Dei fleste hadde møtt opp på MMC First Process fredag.

– Vi som næringsliv skal engasjere oss slik at desse unge kan få seg arbeid. No når fylkesadministrasjonen har foreslått kutt har vi sagt at vi kan bidra, legg Fauske til.

– Bør vi ta av oss hatten
Utspelet får full støtte frå statsråd Nesvik, som ikkje ser nokon motførestillingar mot slike private bidrag til den offentlege skulen.

– Om politikarane ikkje sørger for å gi dette tilbodet, slik at næringslivet får kompetansen og folka dei har behov for, så må man spele på lag. Men dette er ei reserveløysing og eit bidrag for å hjelpe til, og det viser kor viktig det er, seier Nesvik. 

Statsråden påpeiker samtidig at det er fylkespolitikarane i Møre og Romsdal som skal prioriere mellom dei ulike tiltaka som er foreslått.

– Det viktigaste er at ein viser eit engasjement ovanfor desse ungdomane om at dei er ønska, la han til

(saken publisert på Nett.no 15.11.2019 Marius Rosbach)