Credo, Gjelseth og Fauske vann bodkampen

June 03, 2019

Kjøper MMC First Process. Konkurransen om å kjøpe Havyard Group sin aksjepost på 75 prosent i fiskeindustriutstyrsleverandøren MMC First Process er over, skriv Havyard Group i ei børsmelding: "Etter en prosess hvor flere interessenter har vært involvert, har Selskapet i dag signert en aksjekjøpsavtale der valgt kjøper er et konsortium bestående av dagens minoritetsaksjonærer i First Process Holding hvor CEO Petter Leon Fauske er majoritetseier, investeringsselskapet Credo Partners, samt gründer Leif Gjelseth gjennom Erle Invest (samlet "Kjøper")." 310 millionar Handelen verdset MMC First Process til 310 millionar kroner, og tilførerer Havyard Group 225 millionar kroner i likvide midlar, i følgje børsmeldinga. Målet er at handelene skal vere endeleg i boks seinasgt innan 10 juli, etter at partane har gått gjennom ein due dilligence-periode. Trekte seg frå avtale Havyard Group varsla i april i år at selskapet ville selje sin aksjepost i MMC First Process og at det var inngått ein intensjonsavtale om å selje til investeringsselskapet Credo Partners og minoritetseigaren First Process Holding. Etter at fleire interessentar kom på banen trekte Havyard Group seg frå intensjonsavtalen, men Credo og First Process Holding gav ikkje opp. Dei svarte med å gå i kompaniskap med Leif Gjelseth - grunnleggaren av MMC - og fleire tilsette i MMC First Process. Les også: Leif Gjelseth inn i kampen om MMC First Process Tidlegare Optimar-eigar Credo Partnes er godt kjent med næringslivet på Nordvestlandet og var mellom anna største eigare i MMC First Process-konkurrenten Optimar fram til den tyske Haniel-familien kjøpte Optimar i 2017. Les også: Gjorde Optimar fire gangar større Credo Partners skal ha like i overkant av 50 prosent i MMC First Process, i følgje partnar Pål Brynsrud. Han ser klare likskapar mellom Optimar og MMC First Process. - Dei har mykje til felles i og med at dei er ei samling av gründerselskap som har vist at dei er flinke, seier Brynsrud. Nå eigarskiftet er gjort er målet å spisse satsinga mot det som gir størst vekst. Det er ingen fare for arbeidsplassane, i følgje Brynsrud. - Dei har skapt seg mange vekstopsjonar. No gjeld det å prioritere dei mange moglegheitene for å vekse framover, seier han. Fem år Credo Partners var medeigar i Optimar i fem år. Også investeringa i MMC First Process er gjort med tanke på at aksjane skal seljast vidare. - Vi har alltid ein horisont på fire til sju år, seier Brynsrud. Han trur at det at Leif Gjelseth og nøkkeltilsette gjekk saman med Credo Partners og First Process Holding medverka til at dei til slutt fekk tilslaget. - Eg trur det var ei løysing frå begge sider om å få til ei løysing som var best for selskapet, seier Brynsrud. Ikkje avgjort NETT NO har bedt om innsyn i aksjeboka til First Process Holding.Selskapet eig 25 prosent av aksjane i MMC First Process, og har First Process-grunnleggarane som medeigarar. I konkurransen om å kjøpe ut Havyard Group sin aksjepost i MMC First Process har fleire nøkkelpersonar gått i selskapet gått saman med Credo Partners, First Process Holding og Leif Gjelseth. Det skjer ved at dei kjøper seg inn i First Process Holding. Spørsmålet er mellom anna om dei tilsette alt har kjøpt seg inn, og kven som er aksjonærar etter den transaksjonen. Styreleiar Louis Nordstrand skriv i ein epost at : "Ang spørsmålet du stiller i forhold til nøkkelansatte er det for alle parter mest hensiktsmessig å komme tilbake til dette når vi nærmer oss closingdate som er senest 10. juli. Vi vil på det tidspunkt ikke ha noe imot å gi innsyn i dette." Om kor stor eigarandel First Process Holding vil få i MMC First Process etter at Havyard Group er kjøpt ut skriv Nordstrand: "Dette vil bli endelig regulert i aksjonæravtale mellom partene i den nye eiergrupperingen. Det som kan opplyses er at FPH vil få en større eierandel i den nye konstellasjonen enn det vi har hatt i dagens MMCFP." FPH er ei forkorting for First Process Holding. MMCFP er eit forkorting for MMC First Process. (saken publisert av Nett.no 03.06.2019)