Aksjetilbod til MMC First Process-tilsette

December 18, 2019

MMC First Process reknar med at ein tredjepart av dei tilsette takkar ja til å kjøpe seg inn i selskapet. Dei tilsette har fått tilbod om å kjøpe seg inn til same kurs som dagens eigarar tidlegare i år betalte for å kjøpe Havyard Group sin aksjepost på 75 prosent i MMC First Process. Den transaksjonen verdsette MMC First Process til 310 millionar kroner, og selskapet ventar no at dei tilsette teiknar seg for i overkant av tre millionar kroner i selskapet, skriv administrerande direktør Petter Leon Fauske i ein epost til NETT NO.

Aksjeposten til dei tilsette som kjøper no bli dermed på omlag ein prosent. 

Tilbodet om på kjøpe aksjar har svarfrist 20. desember.

www.nett.no

(saken publisert i Nett.no 18.12.19)