Verdensrekord med komplett leveranse fra MMC First Process

March 06, 2020

Sølvtrans-båten Ronja Storm tok om bord og bada 729 tonn med laks.

Dette er ny uoffisiell verdsrekord, fastslår det tasmanske oppdrettsselskapet Huon Aquaculure i eit Facebook-innlegg.

Selskapet opplyser at den forrige rekorden var på 680 tonn, slik at Ronja Storm sette ny rekord med god margin.

Laksen var tatt frå ei stor merd på 240 meter i diameter, og det var all laksen i merda som vart vaska.

Får ros
Selskapet rosar Sølvtrans-båten, og mannskapet.

"Etter tre lastar er vi opprømte over den forbetringa Ronja Sorm, verdas største brønnbåt, har på fiskehelse, kvalitet, miljøomsyn og sikkerheitsrutiner for mannskapet.

Ronja Storm er 116 meter lang og 23 meter brei, og er hittil verdas største brønnbåt.

Båten har heile 7450 kubikkmeter brønnkapasitet og kan i tillegg produsere 700 kubikkmeter ferskvatn i timen gjennom omvendt osmose.

Saken publisert på Nett.no 06.03.20

Ronja Storm setter verdensrekord

REGISTER TO RECEIVE NEWS AND UPDATES

Sign up to our newsletter