Odin fekk fast jobb, og utdanningstilbodet består

June 26, 2020

Lærlingen som berga yrkeslinje trur det kan vere bra for rekrutteringa at utdanninga blir flytta til Ålesund. Truleg blir det full klasse frå hausten ved Borgund.

Hugsar du historia om lærlingen Odin Furnes som berga yrkeslinja som mange bedrifter er avhengige av? Denne veka har han fullført fagbrevet og fått fast jobb ved MMC First Process.

– Det kjennest trygt og eg har ei bekymring mindre. Det er kjekt å ha noko å gå til allereie før lærlingtida var over, fortel Furnes til NETT NO.

Bedrifter som leverer utstyr til fiskeribransjen, reknar med å ha store behov for kuldemontørar i åra framover. Det var noko av bakgrunnen for at MMC First Process og fleire andre kuldebedrifter, engasjerte seg då den einaste linja som utdanna ungdomar i kuldefag i regionen, blei føreslått lagt ned i fjor haust.

Dåverande lærling ved MMC First Process, Odin Furnes, fekk i fjor haust vite at kulde- og varmeteknologilinja ved Haram vidaregåande skule stod i fare for å bli lagt ned. Han gjekk rett til leiinga og fortalde kva som var i ferd med å skje.

Fekk støtte frå fiskeriministeren
Arbeidsgjevaren rosar korleis lærlingen deira reagerte.

– Hadde ikkje Odin gjort oss merksame på dette, så hadde ikkje saka fått den merksemda som den fekk i media, seier MMC First Process-direktør Petter Leon Fauske til NETT NO.

Både NETT NO, NRK og Sunnmørsposten omtala saka og dåverande fiskeriminister Harald Tom Nesvik tok turen for å støtte initiativet deira.

– Det var Odin som belyste problematikken, også tok vi tak, slik at det kom på dagorden. Det er lite truleg at linja hadde vorte bevart, om det ikkje var for ein vaken lærling. Då hadde vi heller ikkje hatt 12 nye lærlingar som bransjen verkeleg treng. Odin vart ein skikkelig «game changer», seier Per Helge Devold som er ansvarleg for marknad og kommunikasjon i MMC First Process.

Trur flytting kan vere bra
Engasjementet bidrog til at politikarane la inn att midlar til at linja fekk halde fram – men tilbodet blei flytta Borgund vidaregåande skole.

Sjølv om Odin blei MMC First Process sin siste elev frå Haram, er Devold kjempenøgd med at den blir vidareført ved Ålesund-skulen.

– At det blir ei full klasse, er rett og slett kjempegode nyheiter, seier han.

Også Odin Furnes sjølv trur at det kan vere eit godt grep.

– Eg synest det er veldig bra at dei held fram, og kanskje er det positivt at det blir lagt til ein meir sentral plass. Det kan føre til fleire søkjarar. Eg trur linja kan bli meir synleg på ein stor skule som Borgund, seier Furnes, som sjølv har gått ved skulen tidlegare.

Han håpar iallfall at det blir meir merksemd om utdanninga som er ein «sikker veg» inn i arbeidslivet for tida: – Bransjen treng absolutt fleire kuldemontørar framover, påpeiker Furnes.

Reknar med full klasse til hausten
Ved Borgund vidaregåande bur dei seg på å ta i mot ei full klasse med 12 elevar på linja til hausten. Rektor Jessie Strand Fagervoll fortel at dei har tilsett lærar og at dei har lokalar som kan nyttast, sjølv om det ikkje er like godt tilrettelagt som på Haram.

saken publisert i NETT.NO 26.06.2020

REGISTER TO RECEIVE NEWS AND UPDATES

Sign up to our newsletter